Russenytt

Nytt om russen

Invasjon januar 9, 2009

Arkivert under: Uncategorized — russ09 @ 11:48 am

klassa

Komande veke, 11-18. janduar, invaderer Vestborgrussen samtlege bedehus i området. Vi skal nemleg på turné, og skal halde møter kvar kveld rundt omkring i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Vi er delt inn i sju grupper på 5-6 elevar, og kvar gruppe får med seg ein forkynnar frå kretsen. Dette gler vi oss veldig til.

Det nye i år er at vi tek turen innom Sogn og Fjordane også i år. Det vert spanande å sjå korleis det skal gå.

Mange har byrja å varme opp med å ete mykje mat og har leita fram soveposen allereie. Vi er kjempeklare for årets høgdepunkt!

Marie er veldig klar for turné!

Marie er veldig klar for turné!

 

Ny flaskeinnsamling! januar 9, 2009

Arkivert under: Uncategorized — russ09 @ 11:20 am
Elise er ein ekte panter

Elise er ein ekte panter

Hei og hå!

Då var vi ferdige med den andre flaskeinnsamlinga, og den totale fortenesta kom på den svmlande summen av 6700 norske kroner.

Hipp hurra. Det var jammen ny pers også.

Takk til alle som var med og samla flasker og som køyrde bil. Takk til dei som stod på med sortering og panting. Takk til uthaldande butikkarbeidarane som hjalp oss å gjere dette mogeleg. Takk til alle dei som ga oss flaskene sine.

 

Jambo! desember 3, 2008

Arkivert under: Uncategorized — russ09 @ 4:05 pm

glade-gutar2Hei! Då var eg heime igjen etter turen til Tanzania, og eg eromtrent like heil. Eg, Martha Elin Lid,  var altså så heldig at eg fekk ein tur til Tanzania for å sjå kva russeprosjektet vart går ut på med eigne auge. Inntrykka var mange og store. I løpet av sju dagar i Tanzania overnatta eg fem forskjellige plassar, og køyrde nærare hundre mil. Eg helste på utruleg mange nye, kjekke folk og vart godt motteken kvar enn eg var.

Reisa til og frå Afrika tilbringde eg med Ragnhild Ekre, som fekk reise ut for Kvitsundsrussen sitt prosjekt i Kenya. Derfor fekk eg også til saman  tre dagar i Nairobi, hovedstaden i Kenya. Elles så hadde eg eittåring Trond Gravem som privatsjåfør store delar av tida i Tanzania. Misjonærane var veldig flinke til å ta vare på meg og la ting til rette for at eg skulle ha det bra.

Både delprosjektet vårt i Tarime og på Haydom går jo ut på å dekke løna til misjonærane. Og dette ledar meg til eit spørsmål eg fleire gongar har grunda på. Kva gjer ein misjonær eigentleg? Endeleg skulle eg få svar på det eg hadde lurt slik på. Eg skulle få vere med misjonærane på jobb.

Her kan du lese loggen min:

(meir …)

 

Vestborgcup november 29, 2008

Arkivert under: Uncategorized — cfroystad @ 10:06 pm

Vestborgcup nærmer seg med stormskritt!

6. – 8. februar arrangerer Vestborgrussen, Vestborg vgs. og NLM Sunnmøre og Romsdal krins Vesborgcup for 18. gang.

Du kan melde deg på og følge utviklingen frem mot cupstart på www.vestborgcup.no

 

Endeleg! november 7, 2008

Arkivert under: Uncategorized — russ09 @ 12:17 pm

cimg0288No er det endeleg 7.november! Og det betyr at i dag reiser eg, Martha Lid, til Tanzania.

Der skal eg mellom anna få omvisning på sjukehuset i Haydom, eg skal få besøke misjonærane våre og vere med dei ut i distriktet.

Eg gler meg veldig, og eg kjem tilbake om to knappe veker med sikkert mykje nytt å fortelje om Thingbø, Steinsskog og Haydom.

Gøy, gøy, gøy…

 

Bøsseinnsamlingsaksjon 2008 oktober 31, 2008

Arkivert under: Uncategorized — russ09 @ 2:57 pm

Torsdag 30. oktober arrangerte vi altså bøsseinnsamlingsaksjon til inntekt for Haydom sjukehus. Heile 55 stykk av elevane på skulen bar bøsser, og ni stykk frå personalet i hovudsak, var sjåførar. Vi samla inn pengar både på Stranda og i Hundeidvik.

Då alle hadde vorte tildelt kart, bøsser og diverse lappar med informasjon på, bar det ut i kulda. Ja, for kaldt var det. I Strandastrandadalen målte temperaturen forbausande åtte minusgrader! Det er ganske kaldt det. Men heldigvis ikkje kaldt nok til å drepe vår entusiasme. Og innbyggjarane på Stranda var særs hyggjelege også. Då bøsseverarane var ferdig med rodene sine, kom dei tilbake og fekk nybakte bollar som nokre kjekke russejenter hadde laga.

Du er sikkert spent på kor mykje vi fekk inn. Det var vi også. For å drage ut dette endå litt lenger, kan eg nevne at det var mykje pengar å telje opp!

Og summen var: 30 913 kroner!

Takk til alle som var med å bere bøsser, køyre bil og ikkje minst dei som gav!

 

No skjer det ting! oktober 31, 2008

Arkivert under: Uncategorized — russ09 @ 2:29 pm

Hei og hå!

Det er gode tider for russeprosjektet, folkens! No gjeng det radigt fram og opp. =) Denne veka var det vaffelkveld på tysdag, brownies og is i kiosken på onsdag, og til sist, men ikkje minst den store bøsseinnsamlingsaksjonen på torsdag. Tenk så kjekt. I tillegg har vi fått nokre nyhende i vareutvalet i russekiosken.

Og så ville eg berre gjere folk oppmerksame på at om de trykkjer på den blå knappen som stend “OM OSS” på, heilt opp i høgre hjørnet på sida, vil de mellom anna få fram eit kontonummer som de kan gi eventuelle bidrag til russepeosjektet til.

Ha ein superfin dag!

 

Flaskeinnsamling oktober 17, 2008

Arkivert under: Uncategorized — storz90 @ 7:27 pm

Onsdag den 17. september arrrangerte Vestborgrussen flaskeinnsamling på Stranda. Vi valgte ut 14 rode, og russen samt åtte Vg2′arar gjorde ein flott innsats med å samle inn flasker på dei forskjellige rodene.

Henriette L. Strømme, Lina K. Dimmen og Alinde Bjørkedal

fra venstre: Henriette L. Strømme, Lina K. Dimmen og Alinde Bjørkedal

Før flaskeinnsamlinga prøvde vi å legge flyers som fortalde kor tid, kven og kva pengane skulle gå til. Då den aktuelle dagen kom, vart dei frivillige flaskeinnsamlarane plassert i grupper og køyrt til dei forskjellige rodene. Dei aller fleste strandarane hadde mange tomflaskar å gje oss og var hyggjelege.

Dei fleste gruppene brukte omlag 1 1/2 time på å gå rundt, og etterpå køyrte Svein Lars Ringstad opp bossekkane med tomflasker opp til Svingen. Etterpå sorterte vi flaskene og panta dei.

traktoren til Svein Lars bak Svingen handel

traktoren til Svein Lars bak Svingen handel

Marie Clausen og Elise Emma K. Dimmen

Marie Clausen og Elise Emma K.Dimmen

Vi fekk inn heile 6000 kr på flaskeinnsamlinga!

Misjonsprosjektansvarlege vil takke alle som bidro med tomflasker og ikkje minst alle dei elevane som hadde stilt opp frivillig som flaskeinnsamlarar!!

 

To aldri så usaklige klassebilete… september 23, 2008

Arkivert under: Uncategorized — mclausen @ 5:33 pm

 

Misjonsprosjekt i Tanzania september 23, 2008

Arkivert under: Russeprosjektet — russ09 @ 4:34 pm

Som du kanskje veit, så er det jo ein tradisjon at Vestborgrussen vel seg eit misjonsprosjekt

dei samlar inn pengar til siste året her på skulen. Då er det jo sjølvsagt at vi i 2009-kullet

ikkje kan vere noko unntak! Overraskande nok, med tanke på overskrifta til dette innlegget,

hamna valet vårt på Tanzania.

Om du ikkje er så stø i geografi, er Tanzania eit land på austkysten av Afrika. Naturen der ein av dei mest

varierte og unike i heile verda, der den briljerar med alt frå den tropiske innsjøen Victoriasjøen til det

anerkjente Ngorogoro-krateret med gode forhold for ein skikkeleg safari. I Tanzania snakkar dei i

hovudsak eit språk som heiter swahili, samt litt gebrokken engelsk. Landet er republikansk og har i overkant

av 40 millionar innbyggjarar. Altså det er eit ganske stort land.

`

Som den flittige kjemirapportforfattaren eg er, er eg van til å trekke konklusjonar. Og konklusjonen eg vil

trekkje her er: Stort land -> stort prosjekt. Derfor velde vi å konsentrere oss om tre delprosjekt, som er

særdeles ypperlig fantastsike. Berre sjå her:

`

Evangelisering hjå datoogaane:

Datoogafolket er ei folkegruppe i Tanzania, eit nomadefolk som

bur langt ut i bushen. Vi skal følge og støtte misjonærane Marit

og Leif Thingbø i arbeidet dei gjer her; dei fortel nemlig om

Jesus og gjengen. For å gjere dette litt lettare, har dei med seg

eit veldig bra hjelpemiddel. Då tenkjer eg faktisk ikkje på

Bibelen. Dei har nok med seg den også, men i tillegg har dei

ein fiffig, liten ting: Dei går faktisk og drassar på ein slags boks med

kasettspelar og prosjektor som går på solcellepanel inni, slik at datoogaane

kan høyre og få sjå evangeliet på sitt eige språk. Og det er jo bra. Elles lærer

dei opp evangelistar til å lære evangeliet vidare ved hjelp av seminar. Eit

veldig viktig misjonsarbeid er det.

`

`

Evangelisering i Øvre Tarime:

Vi har også kontakt med misjonærane Solveig og Torgny Steinskog som forkynner evangeliet for kuriafolket i

Øvre Tarime. Kuriafolket er til liks med datoogafolket også ei stamme i Tanzania. Barske og krigerske

bønder i hovudsak, som har som mål å eige flest kyr. Det er status. Og jammen: Solveig og Torgny har med

seg prosjektor på tur dei også! Eg har høyrt rykte om at Jesusfilmen; ei veldig nøyaktig filmatisert

framstilling av lukasevangeliet dubba til kuriaspråket, er ein hit. Elles arrangerar dei filmkveldar og har

husbesøk. Og vi er så heldige at vi skal få lov å vere med å støtte dei!

`

`

Kompetansebygging ved sjukehuset i Haydom:

Haydom er eit vidgjete sjukehus, du har kanskje høyrt litt om det før. Det er i

uansett eit veldig viktig sjukehus også. Dei prøvar å halde nede spredning av

AIDS, til dømes. Elles dekkjer sjukehuset eit område med omlag 2 millionar

menneske, noko som høyrest ganske banalt ut i mine øyrer. Dei driv dette

sjukehuset under mykje dårlegare tilstandar enn sjukehusa i Noreg, men klarar

likevel å yte så mykje. Vi vil vere med å finansiere denne kompetansebygginga,

slik at sjukehuset i Haydom kan verte eit endå  viktigare og betre sjukehus.

Så kan eg jo også nevne at NORAD dekkjer 900% av prosjektet vårt på

sjukehuset. Så når vi no skal samle inn 55 000 kroner til sjukehuset i Haydom,

vert det til saman 550 000 kroner. Ja, nettopp; KULT!

`

`

Dette var altså prosjektet vårt. Vil du vite kor mykje pengar vi i klassa har tenkt å samle inn? Forbausande

250 000 kroner!!! Så her er det berre å gi så det svir, folkens. Det hadde jammen vore flott om de kunne

vere med og hjelpe oss med å nå målet vårt ved å gi pengar og det som kanskje er viktigare enn det igjen;

be for prosjektet. Be for misjonærane, sjukehuset og vi som skal samle inn pengane. Og så bortetter…

`

Ha ein velsigna dag!

 

Steinskog januar 16, 2009

Arkivert under: Uncategorized — cfroystad @ 2:08 am

Hos www.nlm.no kan du nå lese et intervju med Solveig og Torgny Steinskog og Vestborgrussens utsending Martha Lid

Les mer…

 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.